14 vadefuglartar og 22 deltakarar er fasiten etter årets BirdLife-tur til Giske for å oppleve hausttrekket.
Tradisjonen tru arrangerte fylkeslaget ein hausttur til øya som er ein av dei beste stadane i landet for den som vil å sjå vadefuglar på trekk. Gjennom hausten trekker Giske til seg rastande vadarar frå både Skandinavia og mykje av Arktis.
Artsmangfaldet blant vadarane er ofte stort i haustvekene, og slik var det også denne dagen. Vi fekk sjå både sandlo, heilo, tundrasnipe, myrsnipe, sandløpar, dvergsnipe, polarsnipe, brushane, storspove, småspove, lappspove, raudstilk, enkeltbekkasin og strandsnipe.
Foto: Svein Arne Orvik
Dei verna våtmarkene og kulturmarkene innanfor byr på næring til mange andre arsgrupper også. Vi registrerte blant anna ein god del bergirisk, som flokkar seg på hausten for å beite i vegetasjonen langs fjørene. Og blant linerlene fann vi ei gulerle, ein art som ikkje er vanleg i området.
Turen gjekk langs norsida av øya, ut til Kvalneset og inn til den ornitologiske stasjonen i Makkevika. Der blir vadarar og sporvefuglar ringmerkte av Sunnmøre ringmerkingsgruppe.
Ringmerkarane gav turdeltakarane ei fin innføring i arbeidet sitt og i vandringane til trekkfuglane. Mens vi var ved stasjonen fekk både myrsnipe, raudstilk, bergirisk, sandlo, linerle og lauvsongar ring på beinet. Dermed fekk dei frammøtte nærkontakt med eit fint knippe av artane som er typiske på Giske under hausttrekket.
Foto: Svein Arne Orvik