Fram til 2019, da Rindal framleis høyrde til Møre og Romsdal, var horndykkaren ein årviss hekkefugl i fylket. I Rindal har arten hekka sidan slutten av 1990-talet. Frå han først blei oppdaga i Igeltjønna for snart 30 år sidan, har han etter kvart etablert seg i fleire vatn i kommunen.

Etter at Rindal blei ein del av Trøndelag frå 1. januar 2019, har arten ikkje vore registrert hekkande i Møre og Romsdal. Horndykkar er observert i ferskvatn både i Surnadal og Tingvoll, men utan sikre teikn til hekking. Våren 2025 blei det registrert eit par i Damtjønna, like ved fylkesveg 65 over Nordmarka i Surnadal kommune. Vatnet har ein rik førekomst av småfisk og fleire små flyteholmar som kan eigna seg som hekkeplassar for arten. Paret heldt seg i området om lag ei veke før dei forsvann.

I slutten av august var mellomtrinnet ved Mo oppvekstsenter på sin årlege overnattingstur til den kommunale eigedomen Vaulen, aust på Nordmarka. Da vi kom til Krokvatnet, fekk eg auge på ein liten fugl som flaut lett på vatnet. Heldigvis hadde eg med kikkert, og kunne raskt stadfeste at det var ein horndykkarunge. Sidan arten aldri tidlegare har vore dokumentert hekkande i Surnadal kommune, vekte funnet stor begeistring både hos barn og vaksne. Nokre hundre meter vest for ungen fekk vi òg sjå ein vaksenfugl. Kamera var ikkje med på turen, men eg prøvde å filme fuglane med mobiltelefon, utan særleg hell.

Dagen etter, på heimturen, var ungen framleis på same stad. Etter å ha køyrt heim elevane, pakka eg kamera i sekken og drog tilbake. Eg fann raskt att den vesle ungen og fekk teke fleire bilete som dokumenterer funnet. Den vaksne fuglen såg eg ikkje att, og det ville nok gå enno ei tid før ungen blei flygedyktig.

Eg oppsøkte ikkje lokaliteten meir, men nokre veker etter dukka ein ung horndykkar opp i Surnadalsfjorden. Kanskje var det nettopp ungen frå Krokvatnet som da hadde blitt flygedyktig.

Observasjonane frå Krokvatnet i august 2025 dokumenterer den første kjende hekkeførekomsten av horndykkar i Møre og Romsdal etter at Rindal gjekk over til Trøndelag. Funnet viser at arten framleis kan etablere seg i eigna vatn i regionen, og det understrekar behovet for vidare overvaking av små og middels store ferskvatn i indre delar av fylket, særleg i Surnadal og nabokommunane.

horndykker2
horndykker9
horndykker7
horndykker3
horndykker4

Tekst og bilete: Ola Ragnar Gjøra