Granmeis Granmeis ved reiret som han sjølv har hakka ut. Foto: Ola Ragnar Gjøra

I 2025 er granmeisen årets fugl. Det betyr at det er ekstra fokus på denne fuglearten både i media og blant fugleinteresserte. Læraren vår Ola Ragnar Gjøra hadde ein ide om å gjennomføre eit prosjekt som handlar om granmeisen. Arten hakkar som regel ut reiret sitt i gamle trestammar, men det skal og vere mogleg å få han til å hekke i fuglekassar.

Vi ville bruke nokre kunst-timar på skulen til å snekre fuglekassane. Lærar, Frida Stenberg hadde snakka med Møre-Tre, som var så snill å gi oss materialar til å lage kassane. Vi vart og støtta av BirdLife Norge som gav oss midlar til leige av transport for å henge opp og kontrollere kassane. Vi tenkte at Vindøldalen ville vere eit eigna område for kassane. Her har fleire av foreldra våre eigedommar og dei ga oss alle løyve til å henge opp kassar i skogen.

Vi begynte i starten av mars med å snekre fuglekassar. Etter ca. tre veker hadde vi laga 16 kassar.

Den 2. april drog vi på mellomtrinnet saman med lærarane Ola, Frida og Hennie til Vindøldalen for å henge opp kassane. Vi putta kutterflis i nokre av kassane sidan granmeisen trivest godt i det. Granmeisen treng også eit innflygingshol på 28 mm i diameter.

Avstanden mellom fuglekassane bør vere minst 50 meter, slik at fuglane ikkje skal krangle om plassen. Vi hengte opp kassane med opninga mot aust, slik at det ikkje skulle regne inn i kassen. Vi brukte om lag to timar på å henge opp kassane. Vi var heldige med vêret, det var sol og vindstille heile dagen.

Tur for å henge opp fuglekassarTur for å henge opp fuglekassar

Den 28. mai drog 7. årskull tilbake til Vindøldalen for å sjå om det hadde kome fugl i kassane. Vi hadde registrert kassane med GPS slik at dei var lette å finne att. Det var liv i 12 av dei 16 fuglekassane vi hadde hengt opp. Vi fekk sjå både egg, nyfødde ungar, og reir som var under bygging. Svart-kvit flugesnappar var den vanlegaste arten i kassane. Han hadde lagt fine blå egg. Det var og blåmeis- og kjøttmeisegg i nokre av kassane. I ein av kassane var det nyfødde kjøttmeisungar. Dessverre var det ingen granmeis, men da Ola var i Vindøldalen nokre veker seinare, fekk han auge på eit granmeis-par som mata ungar. Dette paret hadde hakka ut reiret i ei bjørk.

På turen heim fekk vi høyre ein rar fuglelyd. Ola fortalte at det var den sjeldne vendehalsen som song. Vi fekk studere han i kikkert, og Ola tok bilde av fuglen medan han satt oppe i ei bjørk og song.

Det vart ein fin dag med mykje opplevingar og læring. Til hausten må vi tilbake for å reinske kassane slik at dei skal bli klare for ein ny sesong.

Nokre bilete frå prosjektet 

Alle bilete: Mo Oppvekstsenter (elevar og lærere), bortsett fra biletet av vendehals som er teke av Ola Ragnar Gjøra.

Benedicte med GPSBenedicte med GPSSigrid og Ane bygger kassarSigrid og Ane bygger kassarVendehalsVendehalsSjekking av fuglekassarSjekking av fuglekassar
Granmeiskasse fylt med kutterflisGranmeiskasse fylt med kutterflismeisungarMeisungar
Kjøttmeis med ungarKjøttmeis med ungarSjekk av fuglekasseSjekk av fuglekasseGranmeiskasse fylt med kutterflisGranmeiskasse fylt med kutterflis